29 januar 2006

Tunnelulykker

E16 mellom Trengereid og Voss, og R7 mellom Trengereid og Bruravik er to strekkjer med høg gjennomsnittsfart, stor trafikk, mange tunneler og dårleg samband. Dei siste 13 åra har det vore ei rekkje ulykker i tunnel, den siste i Vallaviktunnelen 25.01.2006.

http://www.avisa-hordaland.no/servlet/se.ementor.econgero.servlet.presentation.Main?data.node.id=1&data.language.id=3&data.document.id=10675

Felles for dei fleste av desse ulykkene er at dei skjer i tunnelar med liten eller manglande mobildekning og helseradio.

Av tunnelane i vårt område er det faktisk berre Bogatunnellen på E16 som har tilfredstillande helseradiosamband. Det er også redning kanal 10 i Hallaviktunnelen, dette har delvis dekning.

Ulykker i tunnel er reine pokeren. Ein veit aldri kva som kjem mot deg når du står i åpningen og lurer på om du skal kjøre inn eller ei. Er det kraftig røyk ser du ingenting....og har du først forvillet deg inn i tunnelen kjem du deg verken den frem eller tilbake. Brannvesenet skal alltid først inn, men det er lange minutt å vente til røykdykkere kommer.

Eit anna problem med ulykker i tunnel er at bilister gjerne ignorerer det raude blinkade lyset og kjører inn i tunnelen. Resultatet er at tunnelen er full i biler når den egentlig skulle vore nesten tom.

10 januar 2006

Kraftig kollisjon på Geitle

Endå ei kraftig ulykke på stamvegen. Idag ved Geitle nedanfor Bulken. Heldigvis vart ingen skadd og når ein ser på bileta er det heilt utruleg! (sjå link!)

http://www.avisa-hordaland.no/servlet/se.ementor.econgero.servlet.presentation.Main?data.node.id=1&data.language.id=3&data.document.id=10546

09 januar 2006

Ambulansetenesta i Romania

Har fått nokre bilder frå Helge på Lærdal ambulansen. Han har vore med Norsk Folkehjelp i Horten til Romania i byen Onesti i Bacou fylke og overlevert ein ambulanse. Samtidig har dei drive med opplæring til ambulansemannskapa der nede. Som ein kan sjå på bilda er det ikkje mykje me skal klaga over her heime i norge.





AMK sentralen i Onesti. Denne sentralen betjener 1 million innbyggere. Derfor to telefonlinjer.

Pc'en i bakgrunnen virkar ikkje...



Helge og kollegaen Anders har starta ei innsamling av brukte uniformsklær som dei vil senda ned til Romania. Er det nokon som har noko her i Vosseområdet så ta det med opp til Voss så skal me få sendt det vidare. Det spelar ingen rolle korleis det ser ut berre det er nokolunde heilt.


Bilde av vasken på stasjonen !!













Reparasjon av eksos anlegg...









Dagens standard i Romania. Er ikkje så verst
dei gamle reservene våre alikavel...

08 januar 2006

En skrå vinkel på ambulanseyrket....

Det er håp gutter.....etter dagens lesning på VG diskusjon.

http://vg.transact.no/Item.asp?GroupID=148&Group=Sex&ThreadID=937416&Thread=Idealmannens%20yrke


Sjekk første innlegg.....

06 januar 2006

Skiskader....

Kåre Nesheim....


De fleste som driv eller har drive med anten fyrstehjelp eller ambulanseteneste i Hordaland har på eit eller anna tidspunkt stifta bekjentskap med denne karen. Han er opprinneleg frå Balestrand i Sogn , bur no i Åsane. Av yrke er han lektor...trur eg det va. Den store og altoverskyggande interessa hans er røde kors og fyrstehjelp. Kåre er ein artig og triveleg kar som eg har hatt mykje med å gjere med, både som kollega og instruktør.

Her har mange førstehjelpsinstruktører mykje å lære. Ein skal ikkje berre vere dyktig i førstehjelp, ein skal også framføre bodskapen sin på ein måte som tilskodarane forstår. Kåre tenker pedagogikk i det meste han framfører som instruktør.

http://home.online.no/~kneshei/
(heimesida hans seier vel det meste)

Kåre var ein meir eller mindre fast del av mannskapet i Vaksdal frå 1996 til ut 2001.
Desverre (for oss i Vaksdal) vart han ein del av vaktstyrken på Osterøy etter omlegginga i 2002.

Kåre blir til stadighet observert i ein turbolada Volvo i høg og stødig fart bortetter landevegen. (Umogleg å nå igjen, umogleg å kjøre forbi)

Godt nytt år Kåre!

05 januar 2006

Kommentarer...

Uuups...
Kommentarfunksjonen skal nå virke!


(Redaksjonen gjer aldri noko gale....)

04 januar 2006

Ambulansane på Voss er historie....

I hvertfall administrasjonen av dei...

Frå 01.01.2006 er det kirurgisk serviceklinikk, akuttmedisinsk seksjon som har det administrative ansvaret for alle ambulansetenester som ligg under Helse Bergen. Unntaket er nokon få private utøvarar.

Takk til Voss Sjukehus for fire trivelege år....sjukehuset har vore ein god og ryddig arbeidgjevar!

Mottoet må vere: Nye tider, nye spanande moglegheiter!