06 januar 2006

Kåre Nesheim....


De fleste som driv eller har drive med anten fyrstehjelp eller ambulanseteneste i Hordaland har på eit eller anna tidspunkt stifta bekjentskap med denne karen. Han er opprinneleg frå Balestrand i Sogn , bur no i Åsane. Av yrke er han lektor...trur eg det va. Den store og altoverskyggande interessa hans er røde kors og fyrstehjelp. Kåre er ein artig og triveleg kar som eg har hatt mykje med å gjere med, både som kollega og instruktør.

Her har mange førstehjelpsinstruktører mykje å lære. Ein skal ikkje berre vere dyktig i førstehjelp, ein skal også framføre bodskapen sin på ein måte som tilskodarane forstår. Kåre tenker pedagogikk i det meste han framfører som instruktør.

http://home.online.no/~kneshei/
(heimesida hans seier vel det meste)

Kåre var ein meir eller mindre fast del av mannskapet i Vaksdal frå 1996 til ut 2001.
Desverre (for oss i Vaksdal) vart han ein del av vaktstyrken på Osterøy etter omlegginga i 2002.

Kåre blir til stadighet observert i ein turbolada Volvo i høg og stødig fart bortetter landevegen. (Umogleg å nå igjen, umogleg å kjøre forbi)

Godt nytt år Kåre!

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

Så flott omtale gjer meg nesten litt rørt. Eg hadde mange kjekke, spanande og lærerike år på Vaksdalambulansen, minner som eg tek med meg resten av livet. Eg saknar spesielt det gode kameratskaået vi hadde. Lykke til videre alla saman - ingen nevnt og ingen gløymt. Helsing Kåre

07 januar, 2006 15:42  
Anonymous Anonym said...

Vil sende en hilsen og takk til Kåre Nesheim for engasjementet og interessen han viser for å lære bort førstehjelp og akuttmedisin. Instruktører i røde kors utover det ganske land bruker mye tid på sidene til denne mannen som er lagt opp på en oversiktlig og fin måte med masse relevant info. Vi i ambulansetjenesten et sted midt i Noge er også flittige brukere. Stå på Kåre!

10 september, 2006 13:15  

Legg inn en kommentar

<< Home