06 november 2007

Tysk semitrailer på ville vegar

Frå Hordaland:


- Eg hadde flaks, no vart det berre kuttskadar i ein arm, og litt skrammer i hovudet. Slik omtalar den tyske semitrailersjåføren Rene Wagner situasjonen for «Hordaland» etter at han køyrde av vegen ved Holebrua på Sundve, klokka tre, natt til tysdag. I utforkøyringa tok traileren med seg ein straumførande stolpe og eit buss-stoppskilt. Den eine stolpen knuste frontruta, og var nær på å råka hovudet til Wagner.

Heilt tilfeldig kom ein sjukebil frå Sogn. Ambulansefolket gav den skadde tyskaren førstehjelp før han vart transportert til Voss Sjukehus der m.a. kutt i armen måtte syast."

http://kurl.no/Abkh