30 desember 2005

Nye biler på gang



Kvam og Voss får snart nye biler. I Kvam kjem det ein VW transporter T5 mens Voss får ein to-båre bil av typen Mercedes Sprinter. Tidspunkta for nedkomsten er litt uklare enda (det mest upålitelige eg veit om er faktisk leveringsfrister for ambulanser) men stalltipset er før sommeren.

27 desember 2005

Bilder frå avsporinga








Kay Roger er ein ihuga fotoamatør. Desse bileta er tatt med zoomlinse frå motsatt side av elva.
Bare tanken på at dette kunne vere natt-toget frå Oslo med hundrevis av sovande passasjerar er vanvittig.

23 desember 2005

NSB går nye veier....


Eit godstog i bevegelse har mykje rørsleenergi. Og når det fyrst går gale vert resultatet mildt sagt spektakulært. Lokomotivet havvegs ned i elva og kontainere hulter til bulter. Men hell i uhell: togførar hade knapt ei skramme.

Det tar nok tid før Bergensbana opnar igjen.

21 desember 2005

Jolehelsing frå Kvam?


Nissen kjem sjøvegen i år....

09 desember 2005

Sjukepleiarar i ambulansetenesta?

På diverse diskusjonsforum er det harde diskusjoner om sjukepleiarar skal inn i ambulansetenesta.

Det er rørande med all omsorgen omkring yrket og kompetansen vår. Men det er litt kunstig at denne interessa kjem etter at ambulanseyrket begynner å få den statusen den burde hatt for 30 år sidan.

Ein frisk debatt kring dette er berre bra. Men eg vil sjå den sjukepleiaren som etter endt høgskuleutdanning begynner med startlønn kr 210.000.

Skal ein lønnast etter kompetanse eller fartstid?

HAr sjølv vore ambulansesjåfør sidan 1993, riktignok som ein deltids stilling fram til desember 2001.

Utan tillegg har eg no kr 240.000 i året. Med fagbrev er dette kr 259.000. Ein sjukepleiar begynner på kr 260.900

Greit for meg at sjukepleiarar kjem inn i ambulansetenesta. Men kva vert då stillingsbetegnelsen? Ambulansesjukepleiar? Og vil dei ta til takke med lønna vår?

Eller skal det skapast ein elite av mannskap som ein berre finn i dei største byane der ein faktisk har meir enn fire hender til f.eks ein hjartestans?

-Forresten, berre kom med sjukepleiarar. Så kan eg og få ei lønn som står til ansvaret.

06 desember 2005

Dyreambulanse?

Det står utrykkelig i reglementet at dyr ikke skal være med i bilen....her trengs en undertekst om døde dyr....




http://www.ba.no/nyheter/irix/article1857536.ece

05 desember 2005

Enda en smell på hålken....

02 desember 2005

Vossehålken krever årvåkne sjåfører....

Ikkje alltid like greit når maten vil en annen vei enn sjåføren....

1 person lettere skadd

http://www.bt.no/trafikk/article225831.ece

Den spede begynnelse

Ei heimeside er kjekk å ha. Men så lenge ein ikkje heilt mestrar html programmering får ein nøye seg med ein blogg. Denne bloggen blir stort sett redigert på ukurante tidspunkt. Her kjem det litt om alt som rører seg blant utrykningpersonell i Voss sjukehusområde.

Når Kay Roger kjem på banen blir sikkert denne loggen kjempebra.

Her vil det komme presseklipp, om faget vårt, litt paramedic stoff, bilder og anna spanande info!

Bloggen har ingenting med Helse Bergen eller Voss Sjukehus å gjere, dette er eit privat initiativ for å spre litt info og humor blant kolleger og andre som måtte snuble over denne siden.