23 august 2007

Evakuering frå buss, ny metode



Ambulansetenesta og brannvernet på Voss har gått saman om å adoptere ein ny metode som er utvikla i Sverige der ein har fokus på å evakuere passasjerer frå buss som har velta på ein rask og sikker måte. Det er no laga til fleire øvingar i haust som skal avsluttast med stor fullskala øvelse 19 september. Desse bilda er tatt frå fyrste øving 17 august. Ein vil koma tilbake med fleire bilder frå øvelsane og ei oppsummering av avsluttande øvelse seinare.