30 mai 2007

Eldre kvinne omkom på Vangen


Ei eldre kvinne vart påkøyrd av ein tankbil og omkom på Vangen ved 13.15-tida i dag. Ulukka skjedde i ljoskrysset ved Uttrågata. Den forulukka vart på-køyrd i eller like ved gangfeltet mellom Mega og ICA. Tankbilen køyrde i retning frå Skulestadmoen mot Bergen.