18 mai 2007

Tre dykkarar skadde i ulukke i Vangsvatnet

Tre dykkarar måtte hentast av ambulanse etter ei dramatisk ulukke i Vangsvatnet fredag i 18.40-tida.

Dei tre har vorte utsette for ei ukontrollert oppstigning, og ein av dei tre hosta blod då han vart teken på land. Dei to andre såg ut til å vera i ein betre tilstand, men fekk tilført oksygen av lege og ambulansepersonell som kom til staden.

Dei tre vart tekne i land frå ein fylgjebåt som la til land i Gjernesmoen, rett utanfor reinseanlegget.

Les meir i Hordaland si nettutgave:
http://www.avisa-hordaland.no/servlet/se.ementor.econgero.servlet.presentation.Main?data.node.id=1&data.language.id=3&data.document.id=15670