29 januar 2006

Tunnelulykker

E16 mellom Trengereid og Voss, og R7 mellom Trengereid og Bruravik er to strekkjer med høg gjennomsnittsfart, stor trafikk, mange tunneler og dårleg samband. Dei siste 13 åra har det vore ei rekkje ulykker i tunnel, den siste i Vallaviktunnelen 25.01.2006.

http://www.avisa-hordaland.no/servlet/se.ementor.econgero.servlet.presentation.Main?data.node.id=1&data.language.id=3&data.document.id=10675

Felles for dei fleste av desse ulykkene er at dei skjer i tunnelar med liten eller manglande mobildekning og helseradio.

Av tunnelane i vårt område er det faktisk berre Bogatunnellen på E16 som har tilfredstillande helseradiosamband. Det er også redning kanal 10 i Hallaviktunnelen, dette har delvis dekning.

Ulykker i tunnel er reine pokeren. Ein veit aldri kva som kjem mot deg når du står i åpningen og lurer på om du skal kjøre inn eller ei. Er det kraftig røyk ser du ingenting....og har du først forvillet deg inn i tunnelen kjem du deg verken den frem eller tilbake. Brannvesenet skal alltid først inn, men det er lange minutt å vente til røykdykkere kommer.

Eit anna problem med ulykker i tunnel er at bilister gjerne ignorerer det raude blinkade lyset og kjører inn i tunnelen. Resultatet er at tunnelen er full i biler når den egentlig skulle vore nesten tom.