25 september 2006

To skadde ved Bolstadøyri



To personar frå Bergen, ein mann og ei kvinne i 60-åra, vart stygt skadde i ei trafikkulukke på E16 ved Vassenden, nokre kilometer aust for Bolstadøyri omlag klokka 16.30 sundag.
Dei to køyrde ein Citroen personbil og var på veg vestover då ulukka skjedde. Kva som var den direkte årsaka er ikkje klarlagt, men bilen har skore over mot venstre og kollidert med fjellveggen.


Klokken 1710 fikk bilføreren førstehjelp og ble klargjort for helikoptertransport til Haukeland. Den kvinnelige passasasjeren er kjørt til Voss sjukehus med ambulanse.

Ulykken skjedde på Vassenden, der Evangervatnet og Bolstadelva møtes. Veien ble åpnet for trafikk igjen klokken 1725. Det var en tid lange køer på veien mot Bergen. Personbiler ble da dirigert om gamleveien fra Vassenden til Bolstadøyri.

Ifølge lensmann i Vaksdal Edvin Kaldestad gikk den første meldingen ut på at det brant i bilen.
- Underveis fikk vi en ny melding. Denne gangen om at brannen var slukket. Passasjeren brakt ut av bilen, mens en mann satt fastklemt.

Øvde på fredag
- Vi øvde på akkurat denne typen ulykke på fredag, forteller brannsjefen i Voss, David Skjerven.
- Da øvde vi på klemmulykker og kuttet en bil i to, legger han til.
Evanger brannvern kom først frem til ulykkesstedet, men fikk støtte både fra Voss og Vaksdal. Det ble sendt ut ambulanser fra begge retninger i tillegg til luftambulansen.

Les meir...
http://www.bt.no/trafikk/article300722.ece
http://avisa-hordaland.no/servlet/se.ementor.econgero.servlet.presentation.Main?data.node.id=1&data.language.id=3&data.document.id=13112

23 september 2006

Merking av ambulanser, og folks rare assoisasjoner til navn....

Det har vore så ymse med merking opp gjennom tidene. Eg byrja i ambulansetenesta i Dale Røde Kors hjelpekorps rett før jul i 1992. Då var bilen merka med "Dale Røde kors hjelpekorps". Kvite bokstaver på rød bunn øverst på bilen. Alt vel....

Neste arbeidsgjevar var "Røde Kors Ambulanse Vaksdal". Og så enormt teite som berre Dalinger kan vere kom spørsmålet:"Er ambulansen på Dale lagt ned? Det står ikkje Dale på bilen lenger."
"Neida", svarte eg.
"Ja men det står Vaksdal Røde Kors på bilen..."
"Nei det står Røde Kors Ambulanse Vaksdal på den."
"Åh, har de lagt hjelpekorpset på Vaksdal då?"
"Eeeh...nei no ska du høyra....."

Ny arbeidsgjevar, Voss Sjukehus, ambulanseavdelinga. Og selvfølgelig ny merking av bilen (Stakkars Dalinger som skal prøve å henge med).
Det nye navnet vart: Helse Bergen - Voss Sjukehus
Og mine gode medborgarar prøvde etter beste evne å finne ut av situasjonen:
"Gud og fader, har de lagt ned sjukebilen no?"
"Neidå, bilen går som vanlig den"
"Jamenn da står jo Voss sjukehus på han..."
"Ja da gjer da. Nåke problem med da?"
"Da va så mykje meir koselig før, då kom da kjentfolk frå hjelpekorpset og henta meg"
"Du, det er kjentfolk på bilen no og. Eg jobba dar....."

I alle store bedrifter er det alltid noko som skal omorganiserast. Også ambulanseavdelinga. Me vert lagt under Haukeland Universitets sykehus. Nye sjefer, ny administrasjon. Og selvfølgelig...ny merking på bilen.
"Helse Bergen" med kvit skrift, "Haukeland Universitetssykehus" med blå skrift på kvit bakgrunn. Og på Dale er forvirringa på ny stor:
"Hei John, er du begynt å jobbe i Bergen"
"Neida, men kvifor lurer du på det?"
"Jo, no skal du høyre...."

Ny omorganisering, nytt navn på avdelingen vår:
"Helse Bergen, kirurgisk serviceklinikk, akuttmedisinsk seksjon."
Desverre er det ikkje nok metall på bilene til at dette navnet får plass, så de gjer ein ny vri. Øverst står det "Helse Bergen", grønne bokstaver på gul bakgrunn (ny farge på bilene).
Midt på fremdørene står det: "Helse Bergen, Voss sjukehus." Blå bokstaver på gul bakgrunn.
Og nå er det berre å vente på kva den gjevne Dalemann spør om neste gang.....

19 september 2006

Ny VW i Kvam


En VW T5 frå Profile er sett i drift. Den erstatter Kvam 411 som var ein VW T4.

Frå Norheimsund vert det meldt om fin gulfarge og mykje plast.....

Knall og fall....ialllefall

Fredag 15.9:

Kollisjon i Holemarkstunnelen
Ingen personar kom fysisk til skade, og det var mindre skadar på bilane. Ulukka skjedde i 15.30-tida.
Trafikken var tidsvis stogga ei ein køyreretning.

----------------------------------------------------------------------------





Søndag 17.9:

Bilulukke på E16 ved Bulken
Sundag kveld kom ein personbil ut av styring og hamna på taket på E16 ved Bulken.
Det var ei mor og to små born som var i bilen, og til alt hell kom dei frå det utan store skadar. Bilen var godt kvesta, og det såg ut som han hadde vore over mot grøfta i motgåande køyrefelt før han hamna på taket i køyreretninga.

Helikopterulukke



To personar omkom då eit helikopter styrta på Ringheim på Voss.

Fleire vitne seier til «Hordaland» at helikopteret, som kom frå Bavallen, fekk problem i lufta, og gjekk rundt. Deretter tok det berre få sekund før det styrta.